Medlemskap - Frivillig - Badstuvert

Korleis bli medlem

Årsmedlemskap er kr 203,50,-
Søk opp Vipps til #39103 - Velg medlemskap
(aktiv heilårsbadar eller støttemedlem)

Inntektene vi får frå medlemsinntektene går til drift i laget og det vi jobbar for.

På samme Vipps nr er det også mulig å kjøpe klistermerke og leige handkle om du har gløymt å ta med til di badstuetid.
Du finn begge deler i garderoba og betalar på vipps.
(Velg frå lista over varer)

Medlemsfordelar

Som medlem i Stad heilårsbadelag får ein
-delta på medlemstreff / open dag
- moglegheit å søkje om å vere frivillig badstuevert.
- delta på årsmøtet og få moglegheit til å melde deg til verv og anna frivillig innsats.

!Medlemmar i Stad heilårsbadelag er ikkje medlemskap i badstua.


Medlemstreff/ open dag

Styret skal arrangere minimum to medlemsdagar i året med fellesbad, open badstue og ev. anna på programmet for medlemmane

Badstuvert - Bli frivillig
Send ein enkel “søknad” / epost til stad.heilarsbadelag@outlook.com 
Skriv litt om kva du kan/ vil bidra  med. Og kor mykje tid du ser for deg å bidra med.

Søknaden/ eposten blir behandla av styret i Stad heliårsbadelag. Og du vil bli kontakta.

Det er mykje forskjellig ein kan bidra med som frivillig.
Blant anna jobbe i badstua som frivillig badstuvert.

Oppgåver for ein badstuevert

  • Reinhald i badstua før og etter badstuetimar.
    Tilsyn med toaletta i sanitæranlegget.

  • Sjå til at alt fungerer som det skal i badstua, som omn, dør og elles det som trengst for at kundane skal få ei trygg og god oppleving.

  • Vere tilgjengeleg i tidsrommet ein har ansvar for og fysisk tilstades når det er behov for det.

  • Utføre andre oppgåver etter nærare avtale.

  • Om ein som badstuvert ynskjer å bruke eventuell kompetanse og interesse til å forme vårt bad / badstuprogram med til dømes temaøkter eller liknande so er det mogeleg og veldig ønskeleg. Kva og korleis blir avklart/ avtalt med styret.


Styret inngår individuell avtale med kvar badstuevert om ansvar, oppgåver og eventuell kompensasjon/ vinn vinn. (!Det vil ikkje bli utbetalt løn)

Badstuevertane/dei frivillige får nødvendig opplæring og tilgang for å kunne utføre arbeidet på ein god måte.

Avtalen kan seiast opp av begge partar.

(Om det skulle skje at ein har nok badstuvertar, vil ein kunne sette seg på venteliste / ev. få andre oppgåver om ein ynskjer det.)


Frivillig innsats:
Det er mange andre oppgåver og ting ein kan bidra med som frivillig.
Kan vere oppgåver innan nettside, marknadsføring, vaktmester, dugnad, koordinator på fellesbad og / eller naturmøteplassar, prosjekt, konsulent/hjelp til søknadsskriving , rekneskap, melde deg til verv m.m

Årsmøte blir som regel arrangert på vårhalvåret.
Dato og sakliste blir lagt ut på Stad Foreningsportal minimum ein månad før årsmøtet.